Peder + Sissel = Sant

Arrangementsinformasjon

Sissel + Peder = sant

Samtale


Sissel Gran og Peder Kjøs har kvar sin praksis som relasjonspsykologar og forfattarar. Kva skjer når dei blir sette på den same scenen og berre skal snakke saman? Det kan handle om noko av det vanskelegaste som vi opplever som par – som død, skilsmisse – og om frykt av alle slag: frykta for ikkje lenger å bli rekna med, for å bli gamal, for å bli irrelevant, å miste ektefellen eller kontakten med flokken.


Sissel Grans siste bok, Gammel, gjekk rett inn på bestseljarlista då ho kom i vår.

Peder Kjøs gir i 2019 ut bøkene Angst, Aldri gi opp og Brev til psykologen.


Arrangementet er ein del av Sakprosafestivalen 2019,

som er eit heildags arrangement på Litteraturhuset i Oslo, og der dei fleste foredraga, samtalane og paneldebattane er gratis. 

Årets Sakprosafestival er den 7. i rekkja, og spør i år: Går det til helvete?Norsk sakprosafestival 2019 går rett til der det brenn, til krig, klimaendringar, samlivsbrot og flukt. Vi inviterer nokre av dei fremste ekspertane i verda på ymse kriser for å gjere oss klokare på dei mørkaste temaa. Krigsforfattar Antony Beevor held eit foredrag om «den største krigen». Svenske Thomas Erikson fortel om dystre sider ved psyken og danske Carsten Jensen om nokre av dei mest groteske uttrykka samfunnet har skapt. Vi skal sjå kriser i kvitauget, for krise kan òg bety vendepunkt. Frå då vi trudde på ragnarok, og ikkje minst oppgjennom etterkrigstida har vi forteljingar om korleis folk byggjer nye og betre verder på ruinane frå den førre krisa. Kva kjem ut av krisene vi ser i dag? 

    Terapeutane Sissel Gran og Peder Kjøs går til time med kvarandre. Eirik Lande held lysbildeshow med kontaktannonsar frå før Tinder og samtaler med Sissel Gran om kvardagskrisa: relasjonane. Kvifor er det så vanskeleg å vere kjærastar? Eller å få kjærastar? Og kva er igjen av arten laks? Forfattaren Morten A. Strøksnes og representantar frå bransjen diskuterer. Å bli slakta er ikkje berre ei krise for laksen, men for forfattarar òg: Morgenbladetsalongen markerer 200 år med litterær slakt.

    Temaa er mørke i år, men målet er, som kvart år, at vi skal gå frå Sakprosafestivalen som opplyste menneske. Med oss på vegen ut får vi òg vite kva musikk kan gjere for noko godt med tenkinga vår og måten vi taklar livet på.


Vil du sjå meir når du først er på Sakprosafestivalen? 

Kjøp billettar til foredrag ved Thomas Erikson her.

Kjøp billettar til foredrag ved Carsten Jensen her. 

Og her er billettar til foredrag ved Antony Beevor.

sisselgran
pederkjøs
litteratur
psykologi
parterapi
sakprosafestivalen
norsksakprosafestival
litteraturhusetoslo
litteraturhuset